Sandnes, Klepp og Time kommunar Pb. 583 4305 Sandnes Sola 26.november 2011 Høyring interkommunal kommunedelplan, Bybandet Sør
Me støtter opp om intensjonane bak Bybåndet Sør, å dreie byveksten mot aust. Bybandet Sør planen, kunne blitt ei oppvising i berekraftig byvekst. Området har med sine totalt ca 8000 da, potensial for ei balansert utvikling mellom byvekst og fortsatt landbruksdrift. Fasiten så langt er etter vårt syn et stykke frå dette.
For at Bybandet sør skall ha legitimitet som jordverntiltak må jordvernet vega tungt i planprosessen, i trå med regjeringas godkjenning av Fdp-J[1].
Sjølvsagt er me innforstått med at omdisponeringa av matjord vil gå over eit lengre tidsspenn. Men for å sette størrelsen på nedbygginga i planen litt i perspektiv, vil denne planen aleine medføre ei nedbygging av matjord som tilsvarer den samla nedbygginga i Oslo og Akershus i 9-10 år[2] fram i tid.
Aktuelt vil me peike på nokre val me meiner må tas i denne høyringsrunden.
- Område sn 6 må ut av plan, eller reduserast til eksisterande industriområde.
- Vårt forslag til planprogrammet, om etablering av kjerneområde landbruk, for viktige landbruksområde, inne i planområdet, er ikkje teke omsyn til. Likevel ber me om at overkommunale instansar kan få dette inn, dersom det ikkje er vilje til dette i sekretariatet. Dette kan til dømes baserast på jordsmonnkartlegginga, eksempel; Søra Kalberg - Frøyland, Lindland - Åsland, Orstad vest - aust, nordre Kalberg.
- Me er svert negative til val av Øksnevadporten som senterområde, då dette på sikt vill legge stort press på jord i kjerneområde landbruk mot vest. I staden meiner me ein burde vald alternativ 3 eller 4. Vidare meiner me kollektivakse langs dagens fv505 må veljast
- for omkjøringsveg fv505, meiner me ein i delområde B i så fall må velje alternativ 55200, for delområde C, alternativ 12006, og for delområde D trur me alternativ 11100 kan vere det beste.
Me føreset 'Sandnes øst' som hovudgrepet for å flytte byveksten austover. Det er viktig at plan for bybåndet sør greier finne bærekraftige løysingar for understøtte øst som utviklingsretning.
Med helsing
Torbjørn Åsen Andreas Joa Jordvernforeningen i Rogaland
[1] Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling Jæren [2] Basert på et snitt av nedbygd dyrkajord i Oslo og Akershus på 390da siste tre år. |